Dette skal ha pågått mellom 2007 og 2008 då Ponta var advokat for det sosialdemokratiske partiet, melder nyhendebyrået Ap.

3eDM2KGBEY8W7YWj1c17wgy-vxXYCFGhrg1stEbQYDwQ

Påtalemyndigheitene må søke formell godkjenning frå parlamentet for å kunne fjerne immuniteten slik at dei kan ta saka vidare, sa ein talsmann frå departementet for antikorrupsjon (DNA) fredag.

– Situasjonen er klar frå mi side. Det er ikkje DNA som avgjer dette, det er parlamentet, sa Ponta etter eit møte med det mektige departementet, som dei siste månadene har felt fleire høgtståande tenestemenn i eit krafttak mot korrupsjon.

Ponta svarer presidenten

Ponta avviser også president Klaus Iohannis sitt krav om at han bør trekke seg.

– Eg respekterer at han meiner dette, men eg vart utnemnd av parlamentet, og det er berre dei som kan avsette meg, skreiv Ponta på Facebook etter ein diskusjon med presidenten, ifølge nyhendebyrået Reuters.

President Iohannis sa dette er ein „umogleg situasjon for Romania” etter å ha møtt Ponta fredag. Sentrum/høgre-politikarane vart valt som president i november etter stor mobilisering av rumenarar busett i utlandet, i konkurranse med Ponta frå det sosialdemokratiske partiet med røter tilbake til kommunisttida.

Korrupsjonssaka mot Ponta skal vere knytt til ei anna korrupsjonssak mot hans politiske allierte, Dan Sova, som var samferdsleminister i ein kort periode i fjor, og ifølge BBC etterforskar dei også fleire familiemedlemmer av statsministeren.